Nú berast þau tíðindi að norskar ár muni mögulega verða lokaðar til frambúðar næstu árin vegna skaðans sem villtir laxastofnar hafa orðið fyrir af völdum sjókvíaeldis og áhrif loftslagsbreytinga í hafinu.
Í meðfylgjandi frétt segir norska ríkissjónvarpið frá því að þetta muni óhjákvæmilega auka þrýstinginn á að sjókvíaeldisiðnaðurinn verði neyddur til að bæta ráð sitt.
Á Íslandi hafa um tvöþúsund lögbýli haft tekjur af sjálfbærri stangveiði. Með öðrum orðum hlunnindi af villtum laxi eru ein meginstoð í íslenskum landbúnaði.
Þessi verðmæti hurfu á einni nóttu í Noregi þegar Umhverfisstofnun landsins lokaði laxveiðiám þar fyrir tíu dögum.
Engin ástæða er til að efast um að hið sama mun gerast hér ef ekki verður gripið í taumana.
Miljødirektoratet varsla i juni at dei «med tungt hjarte» var nøydde til å stenge laksefisket i 33 elvar på grunn av ein historisk «kollaps» i laksebestanden.
Miljødirektøren har sidan varsla ei ny vurdering 5. juli.
Det har skapt håp blant dei som meiner at vedtaket var forhasta og altfor vidfemnande, mens andre har innstilt seg på at lakseelvane blir stengde i all overskodeleg framtid.
I eit intervju med avisa Nationen seier Grong-ordførar Ann Jeanett Klinkenberg (Ap) at «det kan gå fleire år» før fiskarane kan ta stengene fram.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) er like pessimistisk:
– Dette teiknar til å bli eit svært dårleg år. Og bakgrunnen for det vil det ta tid å få bukt med, seier han.
Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken seier sommarstengde elvar kan vere den nye regelen.
– Det er urettferdig, men vi må førebu oss på at dette vil skje fleire somrar.
…
Generalsekretær i Norske lakseelver, Torfinn Evensen, seier at «vi er inne i ein skjebnetime for villaksen».
– Det hastar å gjennomføre dei tiltaka som vi veit vil lette situasjonen. Oppdrett må inn i lukka merdar så fort som mogleg.
– Noreg må gjere som Canada
I eit lesarinnlegg i Nationen skriv Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen at Noreg må følge etter Canada og «tvinge» oppdrettsnæringa til å gå over til lukka merdar.– Det tragikomiske er at løysinga eigentleg er ganske openlyst. Få fisken inn i lukka merdar, skriv ho.
Med tilvising til den trua villaksbestanden vedtok Canada i juni at all lakseoppdrett i British Columbia må inn i lukka former innan 2029.
– Dette er eit skifte som vil gjere Canada til ein verdsleiar innan berekraftig akvakulturproduksjon, uttalte det canadiske fiskeridepartementet.
Vedtaket blei møtt med entusiasme frå norske miljøorganisasjonar, og fall på børsen for dei norske oppdrettsselskapa Grieg Seafood og Mowi. Sistnemnde er den største lakseoppdrettaren i verda.
– Vi vil ha slutt på dagens «opne fjøs» i oppdrettsbransjen, seier MDG-leiar Arild Hermstad.
…
«Løftebrot» skaper nytt bråk om lakseskatten
Eit nølande Venstre og Pasientfokus blei i fjor med på regjeringa sitt initiativ til ein ny «lakseskatt» i byte mot ein garanti om at staten fekk fart på omstillingsarbeidet i havbruksbransjen.Heilt konkret i form av at regjeringa skisserte ei miljøteknologiordning for å oppmuntre oppdrettsselskapa til å investere i meir miljøvennlege produksjonsformer «i løpet av 2023».
Meir enn eitt år seinare seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) at skissa heller ikkje kjem i 2024, men først neste år når ho legg fram «ei meir heilskapleg havbruksmelding».
Til Dagens Næringsliv forklarer statsråden at alternativet er «eit lappeteppe» av ulike ordningar som ikkje snakkar saman.
Om forslaget kjem i 2025, kan ordninga først bli ein realitet i 2027.
Fire år etter skatteforliket.
– Laksen døyr, medan regjeringa ror, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.