Þetta er fyrirsögn á fréttaskýringu sem var að birtast í NRK, norska ríkisfjölmiðlinum, og lýsir sjókvíeldisiðnaðinum í hnotskurn.
Ómæld þjáning eldislaxanna er beinlínis hluti af viðskiptaáætlunum stjórnenda fyrirtækjanna.
Þeir vita hvað þarf til að draga úr eða jafnvel koma í veg fyrir stöðuga lúsaplágu og mikla útbreiðslu sýkinga í sjókvíunum. Það er einfaldlega gert með því að hafa miklu færri fiska í hverri sjókví og auka verulega fjarlægðina milli eldissvæða. Áherslur þeirra sem ráða ferðinni eru allar í hina áttina. Að troða sem mestu af eldislöxum í netapokana og hafa sem flestar sjókvíar í hverjum firði.
Afleiðingarnar eru að skelfilega hátt hlutfall eldislaxanna, um 40 prósent, drepst kvalafullum dauða áður en eldislotunni í sjó lýkur.
Laxeldi í sjókvíum er óboðleg aðferð við matvælaframleiðslu.
… Saka starta i januar 2022. Da var det høgt lusepress på Lerøys anlegg Skorpo i Hardanger. Så høgt at leiinga ønskte å gjennomføre termisk avlusing. Det vil seie at laksen blir køyrd gjennom varmt vatn for at lusa skal sleppe taket. Behandlinga blir rekna som belastande for laksen. Brønnbåten «Seihav» blei hyra inn for å gjere jobben.
Men Lerøy-leiinga fekk raudt lys frå dei som skal sørge for god dyrevelferd. Fiskehelsepersonellet sa nei.
…
Men produksjonsleiinga hos Lerøy bestemte at det var den som hadde ansvaret for avgjerda, ikkje fagfolka. …
Som følge av behandlingane døydde minst 23.620 fisk. Totalt blei 405.655 laks behandla i januar og april.
…
Lerøy fekk opphavleg eit gebyr på 531.995 kroner for brot på dyrevelferdslova. Mattilsynet skriv:
«Vi mener at overtredelsene var grove i lys av at behandlingene ville medføre stor påkjenning for fiskene som var svake på tidspunktet for behandlingen og dermed særlig sårbar.»
Tilsynet meiner det er skjerpande at behandlinga blei gjort trass i fagfolkas fråråding. Og viser til at den andre behandlinga blei gjennomført trass i svært høg dødelegheit etter den første runden.
Produksjonsleiinga burde ha forstått risikoen og kan derfor klandrast.
Henning Beltestad er konsernsjef i Lerøy Seafood Group. Omsetninga i selskapet nådde nye rekordar i 2023. Den var på 30,9 milliardar kroner. Driftsresultatet enda på 3,3 milliardar.
Meir alvorleg
Trass i god økonomi aksepterte ikkje Lerøy gebyret. Grunde Bruland, ein av dei fremste sjømatadvokatane i landet, blei sett på saka. Som blei klaga på og sendt til Klagesakseininga. Dette er den høgaste instansen hos Mattilsynet. Først i sommar blei saka avgjord.Lerøy fekk ikkje medhald. Tvert om.
«I herværende sak forelå det en risikovurdering som ble overprøvd av produksjonsledelsen. Vi mener at slik overprøving, med et økonomisk motiv bak beslutningen, er mer alvorlig enn manglende innhenting av en risikovurdering.»
Vidare i vedtaket:
«Klagesaksenheten legger til grunn at fortjenesten langt har oversteget 531.995 kr.»
«Vi mener at beløpet burde vært satt høyere i denne saken.»
«Oppsummert er det tale om to grove hendelser (..)»
Mattilsynet, region Sør og Vest behandla den opphavlege klaga. Seniorinspektør og veterinær Christine Pettersen meiner avgjerda er prinsipielt viktig:
– Ei alvorleg sak. Dette er eit viktig vedtak for å gjere tydeleg den sentrale rolla til fiskehelsepersonellet ved vurderingar knytt til helse- og velferd ved behandling av fisk. …